Skip to content

Nansenpass og flyktninger

Carsten Jensen om Nansenpass og flyktningsituasjonen i dag

Ein gong blei den grønlandske innlandsisen sett på som ein barriere som var umuleg for menneska å komme over. Så kryssa Fridtjof Nansen isen. Seinare forsøkte han å kopiere bragda i internasjonal politikk, både gjennom humanitært arbeid og som frontfigur for Nansenpasset, som skulle bidra til å frakte flyktningar over den innlandsisen som flukt, asyl og eksil ofte utgjer i ein polarisert internasjonal politikk.

I dag har vi Middelhavet som parallell, eit hav der titusen av menneske på flukt har drukna, ein innlandsis, ikkje på verdskartet, men i hjarta til folk. Kan vi i dag hente inspirasjon hos Fridtjof Nansen, eller vil ei samtidig utgåve av eit Nansenpass bli avvist som eit Nonsenspass? 

Dette var utgangspunktet for eit foredrag som den danske forfatteren, journalisten og samfunnsdebattanten Carsten Jensen nyleg holdt på Nasjonalbiblioteket i Oslo. Jensen har motteke ei rekke prisar og utmerkingar, og markert seg i kampen for menneskeverd og mot politisk undertrykking.  

Carsten Jensens foredrag finner du HER

Facebook
Twitter
Pinterest